Før du les vidare, tenk på dette: føl du deg trygg i kvardagen? Tenk deg ti år tilbake i tid; var Noreg ein mykje betre stad å leve? Kor mykje mindre kriminalitet var det ikkje da?
Vi trur mang ein gong at verda var så mykje betre før, men der tek vi ofte feil. Media dominerast i stor grad av sakar om kriminalitet; vald, innbrudd og så vidare. Difor trur vi at landet er plaga av akkurat det same, i større og større grad. Kem skulle tru at lovbrota i Noreg har gått tilbake dei sist åra.

I følgje Statistisk Sentralbyrå er antall meldte lovbrot i Noreg gått ned frå 2007 til 2008. Ikkje nok med det, det har stadig gått ned frå 2002. Sett i forhold til folketall, er vi i dag på det lavaste nivået sidan 1994. Slettast ikkje verst, med andre ord.

Om du har sett eit oppslag om dette i media, som sagt, sei i frå, for eg kan nemleg ikkje huske å ha sett noko slikt. Det gjer ikkje gode nyhendeoppslag å sitere statistikk, og enda mindre når det er gode nyhende. Ei tragisk historie grip oss, og gjer inntrykk. Å fortelle at omlag 8 prosent færre har blitt utsatt for grovt tyveri er meir vanskeleg å formidle, og difor lar ein ofte det liggje. Og med det blir mediebiletet skeivt.
Nå kan ein sjå på statistikken og tenkje så mykje som at dette berre gjeld meldte lovbrot, og difor ikkje gjer eit godt bilete. Kanskje folk ikkje lenger vil melde kvarandre?
Det er lett å tenkje slik, fordi ein vil forsvare at samfunnet er slik ein trur. Det vi trur er røyndom, kjennast som røyndom uansett om det er det eller ikkje. Tenk berre på om du kjem i tale med nokon om eit tema. Du meiner at (tilfeldig eksempel) George W. Bush vart vald til amerikansk president i 2001. Venen din minnast at det var i 2000, og det utartar seg til ein diskusjon. Da de finn ut ka slags år det faktisk va (2000), må ein berre gi seg, men det kjende så ut som om du hadde rett, sjølv om det va feil. Når ein "veit" at noko er på eit vis, så vil ein gjerne finne grunnar til kvifor det skal vere slik, om ein får motstridande beskjedar.
Kvifor skulle det vere slik at i 2002 var det meir på moten å melde lovbrot enn i 2008. Er det indikatorar som tydar på det, så kjenn eg ikkje dei. Ikkje alle lovbrot blei melde i fjor, men det var ikkje ein ny sak. Aldri får ein full oversikt over kva kriminelle handlingar som blir gjort. Men det er nok ikkje ein ny trend anno 2005 og utover.
Vær glad! Antall lovbrot går ned, og det er ein god ting!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar